Ellevill antijazz

Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen

Med høg beinføring, ein røyklagt fagottist, eit backingband av format (med ein ekte tingingsverkdeltakar) og allsong allereie på fyrste innslag, var det ikkje grunn til å tvile: Finn-Erix er i storform, og dei veit det. Vossasalen var fylt til randen, og Finn-Erix avleverte eit avbestillingsverk med diabolsk overskudd. Dei som var til stades er merka for livet. Tokvam og co var nådelause – humoren var bitande og kritikken krass. Jazzen fekk gjennomgå. Publikum svarte med rungande latterkuler og stormande jubel.

Når ein skal oppsummere denne opplevinga, er det nærliggjande å stele eit sitat frå bandet sjølv: «Houston, we have a luksusproblem». I eit fartsfylt og ellevilt show fekk vi servert kritiske blikk på samferdsleprioriteringane, ein ekte geolog, legendane Stedje og Hovland og ein halling som spelte gitar i rasande fart (med innlagt kaffipause). Avslutninga kan ikkje kallast anna enn legendarisk: Det var ekte ras, frijazz (med ekte jazza innleving) og Highway to Hell. Publikum gjekk nøgd ut i Vossanatta, forhåpentlegvis klar for meir jazz – trass alt.

Del gjerne!