Foto Øystein Grutle Haara

Elisabeth Lid Trøen med bestillingsverk til Vossa Jazz!

«New Paintings of Jazz» er saksofonist og komponist Elisabeth Lid Trøen sitt fyrste bestillingsverk. Gjennom nyskrivne originalkomposisjonar utforskar ho sine musikalske dragningar og interesser, saman med sin eigen kvartett – Trøen/Arnesen kvartett.

Dei siste åra har saksofonist Elisabeth Lid Trøen vore aktiv i ei lang rekke prosjekt og band, blant andre Bergen Big Band, Klangen av Hoem og Bouncealarm. Ho har skrive musikk for store og små ensembler, og jobba med ei rekke store namn, som Marius Neset, Erlend Skomsvoll, Chris Potter, Jon Balke og Django Bates.

Kvartetten har eit aldersspenn på tre generasjonar, og består av pianist Dag Arnesen – ein nestor i norsk jazz, som har samarbeidd tett med Elisabeth dei siste åra –, den anerkjende bassisten Ole Marius Sandberg og Sigurd Steinkopf, som er ein av landets aller mest spanande, unge trommeslagarar.

Resultatet vert eit leikent og melodiøst uttrykk som strekker seg frå Keith Jarrett til Edvard Grieg, frå norsk samtidsjazz til John Coltrane og Joe Henderson. Desse fire musikarane tek med seg erfaringar frå ulike sjangrar og uttrykk som smelter saman og vert tradisjonsbærande og nyskapande på same tid.

Elisabeth Lid Trøen – saksofon
Dag Arnesen – piano
Ole Marius Sandberg – bass
Sigurd Steinkopf – trommer

Informasjon om billettar til denne konserten kjem snart!

Denne musikken er bestilt i samarbeid i Jazzfest i Trondheim.

Artikkel under:

Arkiv