Eldrejazz med Siril Malmedal Hauge og Jacob Young

Foto Erlend Sæverud

I 2018 gav duoen ut debutalbumet «Last Things» som blei møtt av overveldande gode omtalar og respons frå eit samla pressekorps i inn- og utland. Dei har blitt omtalt som eitt av årets høgdepunkt i velrennomerte jazzmagasin verda over. Albumet vann Sølvprisen i det japanske Jazz Critique Magazine for Best Jazz Vocal Album i 2018, og blei i 2019 nominert til IMA i New York City i same kategori.

Duoen kom i 2020 ut med nytt kritikerrost album, «Chasing Sunsets», som m.a. blei løfta fram på lista til Disk Union (Japan) for «best records 2020». Musikarane er saman om produksjonen og har begge skrive ny musikk og bidrar på fleire instrument kvar, song kvar for seg og duett. I tillegg til å framføra klassikarar på sin eigen måte. Ein av Noregs flottaste jazzduoar!

Siril Malmedal Hauge – vokal. mandolin, ukulele
Jacob Young – vokal, gitar, gitalele

Velferdsentralen laurdag 25. september kl. 16.00.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!