Ektefølt høgspentjazz

Fem minutt før konsertstart kom trioen Urban Connection spurtande direkte frå toget og inn døra i Osasalen. Og då resten av dei frammøtte fekk sleppa inn i lokalet skulle det visa seg at dei tre erfarne tonekunstnarane på scena klarte å vidareførte alt adrenalinet frå springeturen inn i musikkutøvinga si. Konserten var frå fyrste stund ei maktoppvising av dei sjeldne der den eine meir fantastiske soloprestasjonen enn den andre fylgde på rekke og rad. Som publikum kunne ein nærast kjenna på kroppen kor mykje supergruppa gav av seg sjølv noko som sjølvsagt skapte ei engasjert og energisk stemning i heile rommet. Med denne turneavsluttande konserten stadfesta Urban Connection i stor grad den leiande posisjonen dei har fått innan sin sjanger og det både nasjonalt og internasjonalt.