Ekte vare

realones

Salen kokte då vossajazzvenene Real Ones avslutta festivaldagen seint laurdag. Gutane er eit glimrande live-band som heldt koken til siste finale. Dei krysser sjangrar og leverer ein pop-infisert folk-rock med sjarmerande syngbare melodiar iblanda ei klype psykedelia austleg intrumentering og afrikanske klangar – eller motsett! I løpet av konserten kom stadig nye og spanande gjester på scena. Dei utvalde var Sjur Miljeteig (trompet) Kjetil Møster (saksofon) Debashish (slidegitar) Geoff Berner (trekkspel) og ein ”tilfeldig” gjest frå salen kalla Mike Olsen (piano). Andre kjenner han som Sgt Petter. Gjengen stråla av energi og leverte ei avansert framsyning med stort trøkk. Publikum responderte og til saman vart det skapt ein energisk symbiose.

Del gjerne!