Ekte og ærleg frå motbakkeorkesteret

jordalen_i_motbakke

Sjølv om stemninga var avslappa og kaffislabberasaktig før konserten vart det fort stille då Orkesteret byrja å spele. Det som vart servert frå scena var nemleg ikkje kaffislabberasaktig. Med utsikt i frå stødige og veletablerte liv fekk publikum med denne konserten eit vindauga ut mot ei røynd dei færraste av oss kjenner. Innimellom inderlege norske tolkingar av kjende slagarar som “mom is home” frå ulverockmusikalen og “in the neighbourhood” av Tom Waits hadde dei også eigne tekstar. Desse var nesten ubehageleg ærlige og formidla med ein genuin varme som nådde samtlege publikumarar heilt inn til hjarta.

 

Del gjerne!