Ekstremjazz

 

Tysdag 29. juni vert det Ekstremjazz på Hustveit!

Ekstremjazz er eit kryssoverprosjekt mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz denne gongen under Veko. Eldbjørg Raknes held konsert og ekstremsportutøvarar frå ulike greiner vil kretsa rundt arenaen på tunet.

Hustveit ligg på andre sida av dalen for Tvindefossen. Frå Vangen: Køyr mot Tvinde og ta til høgre like før avkøyringa til Tvinde camping og over ei lita bru. Det vert avgang herfrå kl. 16:30. Det tar 30 – 60 min. å gå frå vegen alt etter tempo 🙂 Ved behov for transport frå sentrum: Det går buss frå parkeringsplassen ved Park kl. 16:00.

 

Det vert sal av kortreist mat.

Konserten er gratis. Kom og bli med til denne flotte staden for ei sterk oppleving!

 

www.ekstremsportveko.com

www.eldbjorgraknes.com