Ekstremjazz med Brandseth Ompaniet

Under Ekstremsportveko held Brandseth Ompaniet under leiing av Roy Inge Holtet 25. juni ekstremjazzkonsert på knausar og store steinar bratt over Brandsethelva. Publikum i alle aldrar fekk i strålande sol oppleva ein forrykande konsert med elvebrus kajakkpadlarar og vakker natur som bakteppe.

Konserten var eit samarbeid mellom Ekstremsportveko og Vossa Jazz.