Ekstremjazz 28. juni!

Foto: Jan Granlie

Onsdag 28. juni skipar me til Ekstremjazz i Skjervet i samarbeid med Ekstremsportveko!

Vossa Jazz sin faste Ekstremjazz-komponist, sjølvaste Jon Balke, tek med seg Jøkleba pluss den eminente folkemusikkvokalisten Åshild Vetrhus og dansaren Sudesh Adhana til årets Ekstremjazz. Dermed er det duka for ein saftig dose elektro-folk gjallande musikk i Skjervet: store lydbilete, sugande rytmar og krystallklår vokal i energisk samspel og med ein himmel full av fykande folk.

Foreininga av jazz og ekstremsport, to fyrtårn på Voss, gjev tilskodarar og musikarar ei unik oppleving av både lydmessig og visuell karakter.

Jon Balke- tangentar
Per Jørgensen – trompet
Audun Kleive – trommer
Åshild Vetrhus – vokal
Sudesh Adhana – rørsle

Ekstremsportutøvarar

Det vil ikkje vera høve til å parkera ved Skjervet, ein må ta shuttlebuss. Evt. sykla:) Shuttlebussen går frå busstoppet ved Tinghuset kl. 16:30. Sjå Ekstremsportrveko for meir informasjon.

Pris for buss og konsert er kr. 100,- Kjøp billettar hjå Ekstremsportveko.

Velkomen!

Del gjerne!