Ekstreme sax, utforskande jazz

Kjetil Møster er ein hardtarbeidande Vossa Jazz-musikar. Den talentfulle, kreative meistersaksofonisten har spelt og skal spele fleire konsertar, men det låg ingen dempar på trøkket i Festsalen laurdag kveld.

Saman med Dag Erik Knedal Andersen på trommar og John Edwards på bass, var Møster uforskamma utforskande i jakta på kor langt ein kan presse instrumenta. Musikarane braut ned tonane og let instrumenta få køyre seg. Bogen til Edwards vart tynt til siste hestehår, klarinetten vart spelt som ein bass. Det var medrivande og krevjande i Festsalen. T-skjorta til Møster hadde trykt «extreme sax» på framsida, og det var inga underdriving. Publikum fekk oppleve fri jazz og kanskje den tøffaste konserten på heile festivalen. Møster/Edwards/Knedal Andersen blåste ut og publikum vart blown away.