Ekstrem “Kjempeviseslått” på Hanguren

Laurdag føremiddag tok over 300 festivaldeltakarar turen med gondolbanen til Hanguren for å få med seg Ekstremjazzen. Ekstremjazzen den fjerde i rekkja i Vossa Jazz si historie har blitt ein viktig og integrert del av festivalen sitt program. – Foreininga av jazz og ekstremsport to fyrtårn på Voss gjev tilskodarar og musikarar ei unik oppleving av både lydmessig og visuell karakter seier festivalsjef Trude Storheim. Med vossanaturen som bakteppe kom fallskjermhopparar paragliderar og hanggliderar svevande over publikum medan Jon Balke og hans ensemble utførte ei spanande tolking av Harald Sæverud sin «Kjempeviseslåtten». I år som i fjor var det Balke som stod for musikken til og koreografien på prosjektet.