Ekstraframsyning: Linda Eide – Melodi Grand Jazz

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Me gjentar suksessen frå årets Vossa Jazz og skipar til konsert der Linda Eide lærer jazzfolket å elska Melodi Grand Prix. I alle fall å hata det mindre!

Linda Eide er glad for den gode mottakinga framsyninga fekk på Vossa Jazz

– Å syna fram all Jazzen i Melodi Grand Prix er topp underhaldning så klart, men samstundes er det òg vår nære musikkhistorie og kulturhistorie. Her er store namn og store hendingar, og Grand Prix-soga syner utviklinga i både populærmusikken og populærmusikkdebatten – og ikkje minst fjernsynsteknikken. Såleis er dette beint fram viktig stoff òg, ikkje mindre.

Kva har Monica Zetterlund og Radka Toneff til felles med Kirsti Sparboe og Kikki Danielsson? Og var det jazzen si skuld at Noreg stod for Grand Prix-historias største juks og bedrag? Og kva gjorde Jan Garbarek inni ei gassmaske i beste sendetid? Dette og meir til kan du få svaret på når me set opp ekstraframsyning tysdag 1. mai.

–  Å ha ekstraframsyning av Melodi Grand Jazz den 1.mai, passar strålande som oppkøyring til den internasjonale finalen 12.mai, meiner Linda Eide. Og ho lovar ein bonus til dei som kjem på denne framsyninga.

­– Sidan Portugal skal arrangera Grand Prix-finale for fyrste gong, skal me fortelja soga om den gongen Portugal sin grand prix-song starta ein revolusjon. Det er litt ev ei historie og litt av ein song, så her får Sjur Hjeltnes synt fram portugisisken sin for alvor!

Linda Eide kastar eit nytt og jazzete lys over dette direktesendte elleville fenomenet, som har fått kjenslene våre til å rista, skaka og krølla seg, i over 60 år. Den utskjelte og elska melodikonkurransen har nemleg tatt jazzen på meir alvor enn mange er klar over.

Musikalsk bækking og verbal støtte er i dei beste hender. Sjur Hjeltnes tek seg av den saka, på sin storsinna, improviserande og musikkelskande måte. Og Sigrid Moldestad har takka ja til å vera gjest!

Oppdag kjensler du ikkje visste at du hadde for Melodi Grand Prix.

Linda Eide
Sjur Hjeltnes
Sigrid Moldestad

Tysdag 1. mai kl. 18.00 i Gamlekinoen.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!