Eit tonn lyd

Kaada/Storløkken (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Kaada/Storløkken (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Det var ikkje fritt for forventningar då dei «gale professorane» John Erik Kaada og Ståle Storløkken entra scena i den gamle kinoen fredag kveld: Dei skulle nemleg urframføre det første tingingsverket under årets Vossa Jazz. Og dei leverte, som forventa, ei musikalsk og visuell oppleving av dei heilt sjeldne.

Musikken veksla mellom ytterpunkta; frå det lågmælte, tunge og melankolsk melodiske, til brot som grensa mot støy. Lydbiletet var ruvande. Det vert sagt at Kaada og Storløkken før konserten hadde rigga eit heilt tonn (!) med instrument på scena – og slik let det etter kvart òg. Med Pekka Stokkes magiske nett av lys som akkompagnement, kjendes det likevel meir som å være i eit galleri aust i Berlin enn i ein kinosal i ei bygd på Vestlandet.

«Me har øvd intenst i tre dagar no, og no peaker det», fortalte Kaada frå scena. Og det gjorde det. Det er ikkje utenkeleg at taket på eit tidspunkt faktisk løfta seg frå den gamle kinoen.    

Del gjerne!