Eit svart hol i Vossasalen

Bare Egil Spellemannslag (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Bare Egil Spellemannslag (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Med sitt eige-tinga tingingsverk var Bare Egil Spellemannslag klar til å underholde Vossa Jazz. Dei skulle spela folkemusikk frå alle krikar og krokar i Noreg. Og me fekk innblikk i mang ei god historie om kor dei ulike låtane stamma i frå.  

Det starta med ein springar-variant av klassikaren Arne – og gjekk vidare med skildringar av raringar frå Ål, ho som ikkje var der, og Nordfjordeid gløgg-kokeri. Alt til høg latter og smekre hofterørsler frå publikum. Ein stubb om ei jente frå Voss som satt på ein stubbe var det også plass til.

Jazz blei omtala som musikkens svarte hol – den har så mykje materie at den dreg til seg alle tonar, rytme og lyd! Og tydelegvis større mengder bakt potet og litt varierande krydder, blant anna muskat, nellik og dill.

I fylgje Egil var det viktig å henga med til slutten – da fell nemleg brikkene på plass og me skulle få ei enorm kunstnarisk oppleving. Og med vakker allsong på slutten om ugler, hadde han heilt rett. Så får me berre satsa på at me slepp ut av det svarte holet.

Del gjerne!