Eit påskemysterium

tjazzorkester-adnedyrnesli1

Klokka ni laurdag kveld var Fraktgodsen åstad for ei rekke mystiske hendingar. Det som plar vera eit vanleg konsertlokale ved togstasjonen på Vossevangen vart med eitt ei romsleg loftsleiligheit i femtitalets New York. Klokka vart plutseleg fire om natta og ein gjeng drivande dyktige sessionmusikarar dreg instrumenta opp den tronge vindskeive trappa. Med seg har dei ei yppig diva i svart drakt og stor stråhatt og to franske gjøglarar i kvite draktar; kvite i andletet og med raude klovnenesar. Dei bestemmer seg for å halda eit heidundranes nachspiel og inviterer alle med gyldig vossajazzbillett.
Sjølv om det har vore ei lang natt med spelejobber for dei rutinerte musikarane er dei ikkje slitne dei er tvert imot framleis høge på adrenalinet som ein god spelejobb genererer. Til randen fylte av inspirasjon og ynskje om å gje nachspielgjestane valuta for billettpengane dreg dei dei slitne instrumenta inn i stovo.Dei trampar igong takta (det slitne tregolvet knirkar) kneppar opp skjorteknappar helsar på gjestane hoiar og skrik.
Frigjevne frå dei tøylane ei vanleg spelejobb held stramt kan dei verkeleg ta av; det er aldri langt frå det fandenivoldske til det snille frå den suggererande swingen til det arytmiske eller frå den harde bopen til dei mjuke balladane. Natta gjennom er det drivande dyktig utført engasjerande og levande pulserande.
Det var med varme hjarte vossajazzarane omsider vandra heimover i den gryande New York-morgonen kl 22.30 på Vossevangen frå konsert med Trondheim Jazzorkester.

Del gjerne!