Eit bestillingsverk vil ofte setje saman eit knippe musikarar som er røynde kvar for seg, men kanskje ikkje saman. På det fyrste av fire (!) bestillingsverk på årets festival fekk dei oppmøtte på Jazzklubben (eller Festsalen for røynde vossajazzarar) servert den nye konstellasjonen med den anerkjente trioen Moskus og duoen Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Det skulle ikkje meir enn 5 minutt for dei oppmøtte til å forstå at dette var ein samansetning som ville gi eit nydeleg resultat.
Musikarane veksla mellom det frie, melodiøse og rytmiske – men det som var mest imponerande var alle dei forskjellige stemningane og stadene gruppa tok oss med. Samspelet mellom dei to gruppene i gruppa kunne lurt kven som helst til at dette var ei samansetning som hadde mangfoldige år bak seg i samme øvingsrom. Spesielt samspelet mellom Anja Lauvdal og Stein Urheim gjorde at det til tider var vanskeleg å skilja ut kven som produserte den neste passande klangen. Kompet med Hans Hulbækmo og Fredrik Luhr Dietrichson var akkurat passe leikent og stødig, og mot slutten av konserten viste Mari Kvien Brunvoll si unike evne til å ta publikum med til ein heilt annan stad – der folk var like begeistra og lydhøre som publikummet i jazzklubben tidleg denne fredagskvelden.
Ein ting er sikkert, denne samansetninga vil alle oppmøtte vere einige om at me må få høyre meir av i framtida!
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.