Eit mannsterkt band med sterk kvinneleg vokal

Buldrande rytmar og vever song møtte eit begeistra jazzpublikum i Festsalen laurdag kveld. Sonic Stories saman med kremgjester frå LIMA-instituttet viste seg å vera jazzpop dynamitt. Draumande låtar med intens driv fremja heile tida kontrastane mellom det vare og det mektige. Ei mannsterk blåserekkje og saksofon i samarbeid med heftig slagverk løfta vokalen og stemninga i salen til herlege høgder.