Eit ideelt-impro-idol

Randi Pontoppidan, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz
Randi Pontoppidan, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz

Heldig var den som fekk med seg Randi Pontoppidan solo i Kapellankåken under årets Vossa Jazz. Den danske vokalisten hadde publikum i si hole hand med meisterleg bruk av stemme og effektpedalar. Kva ligg bak evna til å improvisera så publikum både må le høgt og sukka tungt?

– Tid, stad, rom og mangeårig fordjuping, svarar Pontoppidan.

Randi Pontoppidan, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz
Randi Pontoppidan, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz



Forviten improvisatør

– På scena er alt fritt improvisert, men på den måten at eg har arbeidd med musikk heile livet. I løpet av konserten vil eg helst innom det morosame, melankolske, vakre, groovy, ja, alt det som eg ville inkludert om det var skrive ned på førehand. Ein må alltid veta kvar ein vil i musikken, og lærer etter kvart mange ulike vegar for å koma dit, fortel ein engasjert Pontoppidan.

54-åringen har vore innom alt frå klassisk solistisk song til jazzvokal i større ensemble. Solo-karrieren skaut fart då Pontoppidan slutta som fast undervisar, og sidan 2018 har ho gjeve ut heile 7 plater. Ho meiner det å vera forviten kanskje er det viktigaste trekket til ein improviserande musikar.

– Og då meiner eg ikkje berre å vera oppteken av musikk, men alt av lyd. Eg jobbar mykje med det å vera til stades og lye til omgjevnadane, seier Pontoppidan, og trekkjer fram både vifta i taket, folka i gangen og Susanne Lundeng som stemmer fela i rommet ved sida av.


Publikum i Kapellankåken, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz
Publikum i Kapellankåken, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz



Lyden av eit forbipasserande tog

Stemmekunstnaren har sidan 2004 utforska live elektronikk saman med stemma både solo og med andre. Den eldste pedalen på brettet, ein DL4 delay frå Line6, kjenner ho ut og inn som si eiga stemme.

– Pedalane er å rekna som eigne instrument, som ein må studera deretter, seier ho.

Når ein meistrar instrumenta kan ein vere friare på scena meiner Pontoppidan, men kva vil det eigentleg seia?

– Fri improvisasjon er jo på mange måtar ikkje fritt i det heile, då ein alltid tek stilling til omgjevnadar, rom, publikum, tid og stad. Hadde dette til dømes vore ein kveldskonsert hadde musikken utvikla seg annleis, medan den no vart litt slik meditativ lunsj, seier Pontoppidan og trekkjer fram eit av dei mest magiske augneblinka i konserten kor ho retta alle si merksemd mot lyden av eit tilfeldig passerande tog.

Det er inga tvil om at Vossa Jazz-publikumet fekk sjå ein ekte meister i aksjon, som ein ikkje vil gløyma med det fyrste.

Del gjerne!