Eit herleg måltid jazz

Kanskje var det lovnaden om auksjon av lampar som trekte fulle hus i Pentagon men mest truleg var det ryktet om drivande god jazzmusikk og diktopplesing som samla folk som sild i tønne. Kniv & Taffel SwingJazzOrkester presenterte lifleg jazz saman med stuntpoet Jon Hjørnevik og forfattarfagottist Halvor Folgerø. Musikken la eit fengjande bakteppe for smektande dikt som fekk spontanrespons hjå eit lattermildt publikum. Den melodiøse opplesinga om happy homoar og mistenksame kontor harmonerte perfekt med swingrytmane og den heftige blåserekkja.