Eit draumspel

mikkoinnanen-4-eirik asheim

Tolv personar på scena. Gamlekinoen. Tolv personar i musikalske samtalar på kryss og tvers. Ein samtale på kryss av låt og rytme. Tre på sax, to på trompet, to på bass, to på trommer, to på trombone og ein på klaver. Innimellom det tilsynelatande totale kaos steig fraksjonar av melodiar fram, og i det spøkefulle synte alvoret seg. Om nokon var redde kategorien «improvisasjon», fekk dei i høvet Mikko Innanen 10+ høyra korleis dei ulike instrumenta og artistane kommuniserte og skapte samanheng. Det hadde vore plass til langt fleire, og desse langt fleire gjekk glipp av ein heidundrandes konsert frå skamdyktige, speleglade finnar.

Del gjerne!