Vossa Jazz live på verdsveven: Reformasjonen

Hurra, palmehelga byr likevel på ein smak av Vossa Jazz!

Experience a taste of Vossa Jazz via online live streaming this friday! For more info in english, scroll to the bottom of the page.

I samarbeid med Verftet Online Music Festival presenterer me eit nytt band tinga særskild til dette høvet. Fire av desse seks strålande musikarane har fått Vossa Jazz-prisen tidlegare, så dette lovar gullande godt. Det blir fritt, kortreist, smittefritt og sjølvsagt tilgjengeleg rett heim i stova di via verdsveven.

Fredag 3. april kl 20.00!

Om Reformasjonen
Sjølv om akkurat denne gjengen ikkje har stått på same scene før, ville det vore lett å spore smittevegane blant dei i og med at dei heile tida er i direkte eller indirekte kontakt med kvarandre på kryss og tvers i ulike musikkprosjekt. Stein og Mari har samarbeidd lenge, og til Vossa Jazz 2016 hadde dei mellom andre med seg Kjetil på eit bestillingsverk som vart til Hubro-utgjevinga «Utopian Tales». Jørgen var produsent for denne utgjevinga, som han òg har vore for både Kjetil sine plater med bandet Møster! og for Øyvind sitt Skarbø Skulekorps, der Chris spelar bass. Me kjenner oss sikre på at musikken vil leia oss i den retninga; ganske elektrisk, men likevel ganske jazzete, fritt, men likevel ganske konkret, svevande, men likevel groovy.

Det er ganske utruleg at det måtte ein pandemi til for å samla denne gjengen, som bur i same vesle by og har gjort det i mange år. Det er i krisetider ein vert tvinga til å tenka seg om og reformera.

Dersom ein vil ha fleire band-knaggar å hekta musikarane på, for å tenka seg fram til nokre snev av korleis dette vil høyrast ut: Young Dreams, 1982, Building Instrument, Ultralyd, Susanne Sundfør, The End, Inland Empire, Lars Vaular, The Core, Toy, The Last Hurrah!, Erlend Apneseth, Röyksopp, Sir Dupermann, Slut Machine, Sondre Lerche, Golden Serenades.

English:

This weekend Vossa Jazz were to celebrate its 47th anniversary.

Due to our circumstances the festival has been cancelled, but luckily we’re able to present a free Norwegian antidote to corona quarantine and lockdown isolation depression!

In collaboration with Verftet Online Music Festival we’re proud to present a new band, of which four of six musicians has previously been awarded «Vossa Jazz Award», so we’re very excited to announce «Reformasjonen» Friday 3 April 20.00:

Mari Kvien Brunvoll – vocals
Kjetil Møster – saxophone
Stein Urheim – guitar
Jørgen Træen – modular synthesizer
Chris Holm – bass
Øyvind Skarbø – drums

The members of «Reformasjonen» has not before shared a stage, but each of them have earlier collaborated together. Stein and Mari have worked together for a long time, and at Vossa Jazz 2016 they brought along Kjetil to produce a one of a kind show –  that later resulted in the album «Utopian Tales» and was released through Hubro. Jørgen produced the album «Utopian Tales», and is a staple producer for Kjetil (Møster!) and for Øyvind and Chris’s band Skarbø Skulekorps.

We are certain this concert will guide the audience through their different influences; eclectic, but jazzy, free, solid, soaring and groovy.

Practice social distancing with us at www.verftet.no!

Del gjerne!