Ein roadtrip frå Amerikana til Vangsvatnet

Buicken (foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Buicken (foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Ein kunne nærast kjenne lukta av svidd gummi og gasolin då Buicken svinga inn på Voss Kulturhus drive indenne gneistrande fredagskvelden. Det er første gong kulturhuset tener som kveldsscene på Vossa Jazz – og vonleg ikkje den siste: Ein kunne framleis skimte dei kvite toppane då dei litterære og musikalske stjernene tok til å skine. 

For Buicken er ikkje nokon bil. Det er eit ambulerande stjernelag av musikarar, med diktarane Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg i spissen. Og det tok ikkje lang tid før dei med dikta, forteljingane og songane sine hadde brakt vossajazzarane langt forbi både fjell og vatn – til eit landskap prega av endelause landevegar, etterlatnediners og øydelagde jukeboksar.

«Jeg lever, altså er jeg i dårlig selskap», las Saabye Christensen innleiingsvis: «Jeg dør, altså er jeg i godt selskap. / Jeg stanser, altså går det unna!»

 Så lenge Buicken rulla og gjekk, var iallfall vossajazzarane i godt selskap! 

Del gjerne!