Ein musikalsk Shaman-Mania

Shamania (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)
Shamania (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

I Gamlekinoen på Voss sat publikum full av forventning, då det frå bakerst i salen kom 10 energiske kvinnelege musikarar i spelande innmarsj, med trommeslagaren og komponisten Marilyn Mazur i spissen. Med utfordrande utforsking av rytmar, tonar og stemme, og med intens utstråling og nærvær i musikken, tok dei publikum med på ei nærast mytisk musikalsk oppleving.

Musikken rørar djupt i det kroppslege, noko som vart forsterka av dansaren Tine Erica Aspaas som var med å uttrykkja musikken gjennom rørsler. Dansen hennar var på samme tid ei tolkning av musikken og eit samspel med musikarane. Gjennom rørsler, takt og rytme vart dansen ein del av musikken og utvida sanseinntrykket til det fulle.

Under leiing av sjefs-shamanen Mazur gav dei maniske musikarane publikum ei intens reise i eit musikalsk urlandskap som dei ikke kjem til å gløyme!

Del gjerne!