
Ei nydeleg engelsk rose
Engelske Kate Rusby presenterte ærlege melankolske tonar som sveipte Vossasalen med nydelege balladar om livet kjærleiken og døden. Med ei blanding av folkemusikk tradisjonelle engelske songar og sjarmerande publikumsfireri vart publikum fjetra av Rusby si vevre stemme og bergtakande tekstar. I ei blanding av ekte britisk humor og djupe inderlege låtar fekk Voss ei unik innsikt i leiande britisk folkemusikk i dag.
4. april 2009
Les meir om:
Artikkel under: