Edvard Hoem opnar Vossa Jazz 2021

Foto Paal Audestad

«Vår tids Bjørnstjerne Bjørnson» har han vorte kalla, og ikkje utan grunn. Den samfunnsengasjerte diktaren og forfattaren har eit stort og mangslunge forfattarskap bak seg. Han har gått i djupna på både eksistensielle og politiske emne i ulike skjønnlitterære sjangrar og kunstnarlege uttrykk. Hoem er ein framifrå Shakespeare-gjendiktar, og han har mykje god sakprosa på samvitet, både som essayist, debattant og biograf. I tillegg er han ein markant og stilsikker nynorskrøyst – betre vert det ikkje! 

Vossa Jazz 2021 vert opna fredag 26. mars kl. 18.00 i Vossasalen på Park.

Del gjerne!