E tambien comprenderá

Ingrid Jasmin (Foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak)
Ingrid Jasmin (Foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak)

E tambien comprenderá

Laurdag kveld entra spelemannsnominerte Ingrid Jasmin Vossa Jazz og Café Stationen med tryggleik og sjarm. I eit tettpakka lokale fekk publikum servert rusande rytmar og heit hardingfele, heftige hoftar og forførande framføringar. Ingrid Jasmin har publikum i si hule hand frå første tone – ei hand som er pynta med heilt utruleg lange og glitrande neglar – og dette nailar ho. Sjølv vestlendingar som står som spikra, må løsne opp når Ingrid Jasmin driv oss til klapping, dansing og allsang.

Med seg har ho Andreas Ulvo på piano og ein syngande, og sjølvsagt trompetspillande, Mathias Eick, i tillegg til Almir Meskovic på akkordeon, synth og laptop.

Samspelet er sterkt, men det er ikkje tvil om at dette er Ingrid Jasmin sitt show. Ho torer vere dramatisk og flørtande om ho framfører kubansk poesi eller norske folketonar. Det er moro og overraskande og reint ut vakkert.

E tambien comprendera – eller på norsk: og du vil også forstå – at Ingrid Jasmin kan nå himmelhøgt med sjelful song om el cielos.

Del gjerne!