Dynamitt(ri) i Vossasalen

Åtte italienske dynamittgubbar(!) fekk Vossasalen til å eksplodere i dans og moro seint laurdag kveld. Med eit voldsamt gaul detonerte Piero Gesuè ei sjangeroverskridande, musikalsk bombe som gav publikum granatsjokk og bakoversveis. Mamma mia, for eit driv og ei speleglede!

Denne lausslupne og livlege blandinga av funk, jazz, afrikanske musikktradisjonar, blues og eksplosivt, sydhavsk temperament var akkurat det vossajazzarane trengte etter ein lang dag med fine kulturopplevingar.