Dungen

Skummande pop sinnsutvidande psykedelia hardrock folkemusikk og tempofylt jazz!

Svenske Dungen er i ferd med å innta verda for fullt. Etter sisteplata «Skit i allt» har omtalane dala ned med superlativane dryssande på alle kantar. For å stela eit ord frå svenskane så er dei ein såkalla snakkis. Dungen har turnert tungt i USA heile hausten 2010 og har avslutta til trampeklapp både der og her i Noreg.

Frontfigur produsent låtskrivar og instrumentalist Gustav Ejstes har eit heilstøyp band med seg som utfyller Dungen til fulle. Berre det at dei turnerer i Amerika samtidig som dei syng på klingande svensk skulle tala bra for den musikalske appellen. Og kvifor reisa til New York på konsert når det beste New York har å oppdriva kjem lukst til Voss!
Gustav Ejstes – vokal ymse instrument
Reine Fiske – gitar
Mattias Gustavsson – bass
Johan Holmegard – trommer

In English:
Foaming pop mindexpanding psychedelia heavy metal fok music and upbeat jazz! Swedish band Dungen is about to take on the world! And we’re not just saying that. An extensive tour in the US proves that music is universal and language is secondary to say the least. Their latest album has led to an increasing word of mouth effect and people line up to see their shows in America as well as Europe. Do not miss the chance to see this somewhat commercial underground act as they bring their show to Voss!