Dungen er for fin for meg!

dungen-adnedyrnesli2

Å freista setje namn på det som strøymde ut frå høgtalarane natt til laurdag i Vossasalen verkar nesten meiningslaust. «Psychfolk-progrock-frijazz-pop» kunne vore beskrivande om ein ser vekk ifrå at dette bandet er alt anna enn ein sjangerhybrid – det er tvert imot heilskapen i uttrykket til Dungen som er deira styrke.

Dei fire svenskane serverte fengande melodiar treffande tekstar og eit snerrande svevande lydbilete ein ikkje skulle tru var unt oss dødelege. Dette vart ikkje berre ein kveld for hardcore-fansen det er grunn til å tru at hordar av nyfrelste gjekk smilande frå Vossasalen – arm i arm og med «Du är för fin för mig» på hjernen.

Del gjerne!