Duke Ellingtons Sacred Concert

sacred

Sacred Concert er eit musikalsk meisterverk av Duke Ellington komponert til ein serie kyrkjekonsertar i USA på 1960-talet. Då «The Duke» skapte dette verket ynskte han å lage ein fusjon mellom kristen liturgi og jazz. Blandinga av storbandjazz og kyrkjekor var kontroversielt på den tida og fekk mykje merksemd. Ellington meinte sjølv at «Sacred Concert» var noko av det viktigaste han hadde skapt. I 1993 arrangerte danskane Høybye og Pedersen eit komplett partitur for sopransolo blanda kor og storband. Partituret inneheld materiale frå dei tre ulike konsertane Ellington turnerte med og har ganske enkelt fått namnet «Sacred Concert». No er det mogleg å oppleva denne unike konserten i Nain på årets Vossa Jazz. Ein mektig jazzkonsert med flotte tekstar vakre balladar og musikalsk trøkk framført av eit blanda kor på over 100 songarar sopransolist og storband med ulike instrumentalsolistar.

Medverkande:
Hardanger Big Band

Komp: Stephen Gray – piano / Svein Olav Espeland – gitar / Sigmund Vik – bass / Lars Håvard Birkenes – trommer Saksofonar: Angunn Handegard Trå – alt / Anne Martha Oma – alt / Ingvill Morlandstø – tenor/sopran / Gerd Ingrid D. Nordheim – tenor / Birgitte Hokkerup – baryton Trompetar: Mette Fonneland / Hallgeir Aase / Rigmor Lothe / Jeanine Heide Tromboner: Grete Iversen Lillefosse / Anne Karin Stormyr / Geir Harald Knutsen / Alfred Norheim
Kvammakoret og Voss og omland kantori. Korinstruktørar: Anne Karin Stormyr og Lars Rangvaldsen
Vokalsolist : Ingunn Marie Nielsen
Dirigent: Arild B.Nielsen

English: Duke Ellington’s Sacred Concert

Sacred Concert is a musical master piece by Duke Ellington composed especially for a series of church concerts in the USA in the 60s. «The Duke» wanted to create a fusion between Christian traditions and psalms and jazz. The combination of big band and church choir stirred controversies but Ellington claimed that this was his most important he had ever made. You now have the chance to hear this reconstructed in the NAIN church – a powerful jazz concert with over 100 choir singers Hardanger Big Band and different solo singers. Halleluja!

Kjøp billettar til denne konserten her.

Del gjerne!