Drøymande høgtidsstund i Vangskyrkja

cristinabranco-1

Gåande opp midtskipet i kyrkja ynskte trioen ”velkomne med æra” og opna med dette til ei høgtidsstund av dei sjeldne. ”Folk songs II” er eit verk bygd opp rundt norske og svenske folketonar og er ei vidareføring av suksesskomposisjonen ”Folk songs” frå 2007. Med på urframføringa i kyrkja var Nils Økland og Birger Mistereggen som med vart felespel og listande trommerytmar bidrog til å heva musikken heilt opp i kyrkjetaket. Kjærleiken har stått sentralt i årets Vossa Jazz. Ensemblet samansett av Anna Maria Frimann Linn Andrea Fuglseth og Berit Opheim tok tematikken vidare ved å setja kjærleiken i høgsetet. Det vart ei salig stund spekka med stemmeprakt og drøymande harmoniar. Mellomalderen har aldri før vore så vakker

Del gjerne!