Dronning Alli-sheila

Foto Amalie Johannesen, Vossa Jazz

Då jazzveteran Sheila Jordan gjekk på scena så blei det heitt i rommet. Hennar naturlege sjarm og karisma fylte salen med hardt treffande varmebølgjer som om det var sumar.

Jordan tok med seg bassisten Cameron Brown som stilte opp med galopperande basslinjer.
Sheila tok av med sin kreative songteknikk og stemma som oppførte seg som ein kameleon i nytt terreng. Hennar formidlingsglede visualiserte seg utover i salen i form av gulltrådar som flaut i lufta rundt oss. Jordan hadde mange hyllestar med i konserten – blant anna til kjende artistar som Charlie Parker og Ella Fitzgerald.

Jordan fortalde at indianararva hennar har hatt mykje inflytelse på musikken, og det kunne ein godt høyre. «Om Columbus ikkje hadde oppdaga America hadde eg vore av blått blod» fortalde Sheila. Om ho ikkje offisielt er dronning, så herska ho i alle fall over Vossa Jazz-publikummet laurdag kveld.

Sheila Jordan sitt morsmål er kanskje engelsk men ho syng på eit språk me alle kjenner til, KJÆRLEIK.

Del gjerne!