Drivande psykedelisk prog med afrikanske undertonar

MØSTER! (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz)
MØSTER! (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz)

Den utvida Møster!-besetningen gav vossajazzarane ei stor oppleving i Vossasalen laurdag kveld. Dei nyskrive komposisjonane deira var prega av eit vitalt og energisk driv med afrikanske undertonar, lange strekk med uhemma, psykedelisk improvisasjon og eit heilt rått, støy- og progbefengt lydbilete. Men kan ein eigentleg forvente noko mindre, når rytmeseksjonen består av to legendariske trommisar og eitt stk. verdas beste bassist? Resten av bandet er ikkje noko dårlegare: Om du lager ei liste over norske yndlingsband står nok desse karane i kulissane på halvparten av dei. Lat oss håpe at gjengen har vett til å gå i studio med desse låtane, så resten av verda får sjansen til å høyre det same som dei priviligerte festivalgjengarane på Vossa Jazz.

Del gjerne!