Dobbel prisvinnar Tore Brunborg!

adne_tbrunborg-2_lite

"Dette vart nesten for mykje. Tusen takk" sa ein tydeleg overvelda Tore Brunborg frå scena før tingingsverket i Vossasal. I går vart han heidra med den høgtragande Buddy-prisen Buddy som er den høgste utmerkinga i Noreg. Med Vossa Jazz-prisen blir det bortimot full klaff!

Prisen vart delt ut av fylkesvaraordførar Mona Hellesnes på vegne av Hordaland Fylke. Prisen er på kr.30.000 – og i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz- plakat laga av kunstnaren Ingeborg Annie Lindahl.

I grunngjevinga kom det fram at prisen skal gå til den frilans musikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne h med ein musikalsk signatur  som mange kjenner og set pris på. Denne signaturen har gjort han ettertrakta både for arrangørar og andre musikarar. Dei siste åra har han komponert musikk for både plater og tingingsverk alltid med gode kritikkar for arbeidet.

 

Del gjerne!