Det Norske Poesi & Satireorkester

Gjer deg klar til dobbel dose Poesiorkester! Humorist Dagfinn Nordbø er tekstforfattar for mellom anna Hallo i Uken på NRK P2 og blei av Aftenposten skildra som ein av landets skarpaste og politisk mest ukorrekte tekstforfattarar! Han leverer også materiale til komikarar som Rune Andersen Beranek og Dennis Storhøi for å nemna nokre.

Showet saman med Poesi & Satireorkesteret bind saman ord og tonar på ein overraskande og ikkje minst morsom måte. Konseptet er poesi prosa humor og satire til jazzmusikk. Brørne Gaute og Vigleik Storaas syter for det musikalske bakteppet så her er det duka for proft gjennomført galskap – både fredag og laurdag!

Det er ei stor æra å herved meddela at Dagfinn Nordbø også står for den offisielle opninga av Vossa Jazz i Vossasalen fredag 15. april kl 19.00!

Dagfinn Nordbø – funny guy
Vigleik Storaas – virtuoso piano
Gaute Storaas – snappy bass

In English:
Dagfinn Nordbø and The Norwegian Poetry and Satire Orchestra
Jazz and spoken word go well together and this year Vossa Jazz has invited one of the best when ti comes to this combination. Angry man Dagfinn Nordbø is an esteemed writer for the radio as well as several of Norway’s most popular comedians. His well crafted criticism launches in all directions and usually causes quite a stir. The highly competent Storaas brothers creates the musical backdrop. We are talking about organised madness! Due to expected popular demand there will be two shows.