Det brusa i fjøra

norwegiansong-adnedyrnesli1-2

Pål sine høner vart godt ivaretekne av lett fingernemt pianospel og ein inspirert trommis ved namn Pål som får fjørene til å bruse med funky rytmikk trøkk og driv. Den virile kontrabassen baud dei pirrande cymbalane opp til dans med englar og jesusborn som vitne då norske musikalske kulturskattar vart jazzifiserte av Dag Arnesen og hans medsamansvorne.

Eit forventningsfullt publikum hang over balkongen i Vangskyrkja for ikkje å misse så mykje som eit sekund av dei fabelaktige soloprestasjonane som fekk tjøra til å renne i det gamle kyrkjeskipet. Ikkje heller samspelet var det noko å utseie på. Saman skapar dei jazz i ordets rette forstand.

 

Del gjerne!