Det BLINKar i Osasalen

blink

Dei fire smilande og energiske kvinnene som saman utgjer gruppa Blink lokka dei lyttande i Osasalen med på ei spanande reise gjennom heile Norden då dei med trøkk og rå innleving leverte ein konsert der røff modernitet møtte tradisjonelle folketonar i vakker harmoni.  Med klokkeklare røyster voggar dei oss inn i sørgmodig melankoli før dei brått vekkar oss til live att med eksplosive rytmar som kitlar og riv i dansefoten.

Dei fire musikalske multitalenta sjarmerte tilhøyrarane i senk med humoristiske anekdotar som formeleg osa av østrogen mens dei leikande lett manøvrerte eit titals ulike instrument. Både latter og applaus sat laust då dei etter å taktfast ha vorte trampa inn til ekstranummer proklamerte sin kjærleik til kvarandre publikum og ikkje minst Ole Bull. Og som Ole Bull sjølv har også desse kvinnene ambisjonar om å leggje verda for sine føter.

Del gjerne!