Den andre mannen i meg

Nationaltheatret kjem til Voss! Og ikkje eit kva som helst stykke – Henrik Mestad i den applauderte og bejubla tolkinga av stykket Den andre mannen i meg basert på Olav H. Hauge sine dagbøker. Stykket gjekk for fulle hus og fulle ekstraførestillingar i Oslo og Aftenposten trilla seks på terningen: «Hjertemedisin. Her er Henrik Mestad i sin hittil beste rolle». Saksofonist Trygve Seim står for musikken i denne vakre førestillinga om Hauge og dei indre kampane hans mot sinnsliding og schizofreni.

Henrik Mestad – resitasjon
Trygve Seim – saksofonar

Fredag 27. mars kl. 21:00 i Gamlekinoen. Kjøp billettar her.