Deilig og vått, deilig og rått!

Sigrid Moldestad: Regndropeborna og andre dyr (Foto: Vossa Jazz/Iver Finne)
Sigrid Moldestad: Regndropeborna og andre dyr (Foto: Vossa Jazz/Iver Finne)

Regn, regn, regn, regn. Sjølv med ein million solstrålar dansande over Vossevangen, let store og små badnajazzarar seg lokke inn bak gardinane i Vossasalen, der Sigrid Moldestad freista med både regn, dropar, born og dyr. Og det var ikkje så dumt, skulle det vise seg: For her var det duka for ny kjennskap til eit heilt lite univers av barnelyrikk innpakka i nyskriven musikk.

Med utgangspunkt i diktaren Jan-Magnus Bruheim inviterte Moldestad og musikarane hennar publikum med på ei på ein gong både kjenslemessig, lyrisk, musikalsk reise – ned i (blue)graset og opp på (jazz)himmelen, ut i bl(u)esten og inn i (vise)varmen. Det eminente badnajazzkoret frå Gullfjordungen sette dessutan ein ekstra gullkant på denne ettermiddagen.

Og som om det musikalske ikkje var nok, verka scena som ein magnet på dei mange som hadde funne vegen inn. Om det var det visuelle; lerreta, ballongane eller såpeboblene, eller sjølve konsertopplevinga – det er uvisst. Det som er sikkert og visst, er at badnajazzarane – dei elska dette. Anar me ein ny klassikar?

Del gjerne!