Dei kom, dei song, dei vann!

Real Ones (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen)
Real Ones (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen)

Real Ones er kanskje det nærmaste du kjem eit vassekte husband på Vossa Jazz. I følge vokalist David Vogt, har dei vore her både ein og to gonger før. Bandmedlemma er heller ikkje framande festivalgjester, sjølv om dei gjer seg aller best på scena! Det er både nye og gamle fans i salen, noko som gir ein enorm entusiasme for dette ensemblet som frå fyrste tone syner kvifor nettopp dei vert invitert tilbake år etter år.

Som lova på førehand, er det eit Real Ones-band i storform som står framføre oss på scena i Vossasalen denne laurdagskvelden. Men ikkje nok med med dét – Thea Hjemeland kjem på scena og me får ein flott variant av Thea si eiga låt Feathery, samt ein cover av sjølvaste Robyn sin «Call your Girlfriend». Med fare for å toppa gårsdagens imponerande prestasjon, vert så Ståle Storløkken invitert inn i scenevarmen, som briljerar og supplerer Real Ones på sitt Hammond-orgel.

I dét dei avsluttar konserten med «Ballad of an Old Man» bryt salen ut i allsang for n’te gong denne kvelden. Det er ingen som legg merke til at dei er 25 år eldre enn sidan fyrste gong me møtte denne gjengen, og me vonar at det ikkje vert lenge til me møter dei igjen.

Del gjerne!