Dans dans dans!

skatebard

Ingen ringare enn DJ Skatebård styrer spakane for alle som føler for å dansa seg dønn svette på laurdagen. Skatebård regjerer alle dei beste disco-tilboda i Bergen i tillegg til å vera innleigd til innland og utland. Digitalo-konseptet har fått kultstatus og blandinga av hard house og saftige popdancebeats går rett heim hjå både skeptikarar og hengivne fans. Han er òg framtredande rappar i Side Brok der alter egoet Sirkelsag gjer suksess gong etter gong. Kunne ikkje fått noko betre skussmål – det er berre å ha seg bort på Pentagon i god tid her kan det koma til å koka over!

Del gjerne!