Dampmaskina mol domen til dansarar

Olav Kvernbergs Steamdome (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem
Olav Kvernbergs Steamdome (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Domen (Vossasalen) vart fylt med damp, ikkje vassdamp, men ein damp samansatt av ein kombinasjon av sprudlande speleglede, basstronomisk perkusjon, gild gitar, taktfulle tangentar og dei mange felene og duppedittane til Kvernberg. Denne dampen forvandla dei oppmøtte massane til euforiske disiplar, med både hopping, allsong og diverse tolkningar av dans. Dampen gjorde domen om til eit hoppeslott, der den eine hoppa høgare enn den andre. Eit hoppeslott som sto gjennom ståheien, og hadde det ikkje vore for reglar om nattesro hadde truleg hoppeslottet stått framleis!

Der James Watt var ein av føregangsfigurane innan den industrielle revolusjon er Ola Kvernberg minst like revolusjonerande med sin fryktlause inngang til musikk. Der Watt nytta dampmaskiner for å auke rikdomen, nyttar Kvernberg & kompani ei salig sjangerblanding til å spreie sin rikdom!

Del gjerne!