Då gamlekinoen vart whiskybule

Foto: Ådne Dyrnesli

Sjå for deg: Du stig ned i eit kjellarlokale i New Orleans ein gong på 50-talet. Dei runde borda står spreidd, du vert pakka inn  i eit teppe av sigarettrøyk og høyrer isen klirre mot glas. Ei barmfager kvinne skjenkar whisky frå krystallkaraffel og or det dunkle publjoset stig ei scene. Kontrabassisten skapar ein gyngande grunnrytme og nikkar ømt i takt før ein veldreid herremann kveilar seg om mikrofonstativet på sensuelt vis og produserer djupe, darrande tonar.

Mennene på scena er Thorbjørn Harr og Aslak Hartberg, og det røykfylte lokalet er byta ut med Gamlekinoen i Voss sentrum, men kjensla er den same. Harr opnar døra til Lars Saabye Christensens sørgmodig filosoferande tekstunivers med si ømme røyst medan han dansar lett teatralsk over scena. Eit par låtar ut i konserten vert dei fleire på scena. Med blåsarar, trommer og flygel vert sounden med eitt av eit meir groovy kaliber. Musikarane syner virtoust fram kva moglegheiter som ligg i deira respektive instrument og løftar publikumet opp og forbi med det eine crescendoet rammare enn det hine.

Det heile eskalerer i eit kollektivt na-na-na med Harr aktivt dirigerande frå scenekanten. Med ekstranummeret «Døden er dårlig gjort», som òg utgjer tittelsporet på plata deira, avsluttar dei konserten på fleipete vis. Tilhøyrarane er stornøgde og forlèt det røykfylte lokalet i New Orleans, nei årsak, Gamlekinoen, med stjerner i augene.

Del gjerne!