Håkon Haugli har dessverre måtte melda avbud til årets Vossakveik, men me er så heldige å få inn Christine Korme i staden, ho òg frå Abelia, NHOs landsforeining for teknologi- og kunnskapsbedrifter.

Korme er direktør for digitalisering og fornying i Abelia. Der jobbar ho mellom anna med å syta for at Noreg har ein næringspolitikk som legg til rette for ny verdiskaping, omstilling og digitalisering.

Christine representerte NHO i det regjeringsoppnemnde delingsøkonomiutvalet som la fram rapporten sin i februar. Ho har tidlegare vore kommunikasjonsdirektør i Microsoft Norge og var før det nyheitsopplesar, USA-korrespondent og politisk reportar i TV2 i ei årrekke.

Tittel på innlegget hennar på Vossakveik er: “Dele eller kvele – om delingsøkonomiens muligheter og utfordringer” 

Kjøp billettar til Vossakveik her.