Christianssand String Swing Ensemble og Fliflet/Hamre

CSSE er no inne i sitt tolvte år som oppdiskarar av energisk og underhaldande jazz. Ein anmeldar gjekk så langt som å sei at den som ikkje likar dette likar ikkje musikk. Platene har hausta mykje ros og deira ry som liveartistar aukar for kvar konsert – med ingrediensane sigøynerjazz franske chansons amerikansk jazz opera og ein god dose sirkusmusikk.

Dette kan ikkje bli anna enn uimotståeleg om du hiv inn balkantonar svenske religiøse folketonar jødiske tristessar og hardtsvingande festmusikk frå Texas forsynt av Fliflet/Hamre. Bergensduoen og Kristiansandsensemblet traff kvarandre ein vakker dag på Svalbard og fann ut at eit samarbeid var meir enn på sin plass. Dette er det motsette av inadvendt og skobeskuande – fram kjem Django Reinhardt arm i arm med Harald Sæverud og med Duke Ellington på slep. La det blide sørland og det superblide vestland gjera deg blid òg!

Christianssand String Swing Ensemble
Miguel Emilio D. Steinsland – vokal
Per Einar Watle – gitar
Jarle Storløkken – gitar
Brynjar Rasmussen – klarinett
Marius Tobias Hoven – trombone
Eirik Are Oanæs Andersen – kontrabass

Fliflet/Hamre
Gabriel Fliflet – trekkspel vokal
Ole Hamre – trommer+div.

In English:
Make way for Balkan-inspired gipsy-jazz French chansons a bit of New Orleans Swedish hymns Jewish tristesse and to top it all up some gode ol’ honky tonk. Souns eclectic? You’ve got it! Thank goodness we are dealing with some of Norway’s finest musicians and entertainers. The power duo Gabriel Fliflet and Ole Hamre are joining forces with the feisty Christianssand String Swing Ensemble for an intriguing evening.