CDlansering “Eg è liten eg men eg vaoga meg”

Vossa Jazz er stolte av å presentera CDen “Eg è liten eg men eg vaoga meg”. Over hundre born har vore med på innspelinga gjennom dei fire kora Mini / Midi Sing Gospel Teenz / Gospel kids og småkvedarane frå Voss og Vossestrand.

Berit Opheim Vesto og Kari Finne Sognnæs har vore kunstneriske leiarar dei har hatt med seg Einar Mjølsnes (hardingfele) Erlend Styve (gitarar) Kåre Opheim (tommer) Jonas Vedde Ødegråd (gitar) og Bjørnar Tveite Kaldefoss (bass). I tillegg er saksofonisten Håkon Kornstad gjestemusikar på nokre av låtane.

CDen inneheld 16 folketonar frå Voss musikalsk innpakka i jazz og fokemusikk. Den vert lansert på Voss i desmeber og på landsbasis etter jol. Ei ekslusiv jolegåve for vossingane med andre ord!