Buss til og frå Vossa Jazz?

Gode  festivalgjester

I samarbeid med Ferdia har me sett opp bussruter til Voss sentrum frå Myrkdalen, Evanger og Granvin og retur seinare på kvelden, både fredag og laurdag under festivalen.

Dei 25 første plassane på kvar rute har ekstra gode prisar så nøl ikkje med å sikra deg plass. Ynskjer du at bussen skal stoppa på vegen for å plukka deg/dykk opp? Følg linken under og føreslå stoppestad direkte hjå samarbeidspartnaren vår. Les meir her: https://sharebus.ferdia.no/hva-og-hvordan/

NB: Ruta treng minimum 25 påmelde innan sju dagar før avreise for at bussen skal bli bestilt, så det er viktig at ein er tidleg ute med å reservere plass før fristen går ut.

Del gjerne!