Bugge Wesseltoft med AM ARE

BUGGE WESSELTOFT

Ny plate og nytt band!

Bugge Wesseltoft – tangentar
Arild Andersen – bass
Rohey – vokal
Martin Myhre Olsen – saksofon
Gard Nilsen – trommer
Sanskriti Shrestha – tablas
Ivar Mykland – lys, visuelle effektar

Meisterpianist, plateselskapgründer, oppfinnar av nye jazz-sjangrar, og stadig nyfiken utforskar i musikken, Bugge Wesseltoft, gjestar oss med eit superband frå fleire generasjonar i norsk jazzliv. I tillegg til å vera ein virtuos på tangentinstrument og å drifta plateselskapet Jazzland, har han vore ein pioner i å modernisera den elektroniske jazzmusikken. Samstundes har han funne tid til å produsera Jan Eggum og turnera med Jan Garbarek, berre for å nemna ein brøkdel av engasjementa hans. I 1995 fekk vi eit paradigmeskifte i norsk jazz då Bugge Wesseltoft ga ut New Conception of Jazz. Tretti år etter finn Wesseltoft stadig det essensielle i musikken og når han no slepp den rykande ferske plata AM ARE.

Del gjerne!