Brummande bass og slepande trommer

improvision

Under ImproVision si framsyning i Festsalen var det den yngre garde som dominerte på scena så vel som i salen. Med brummande bass trillande pianospel slepande trommer og lystig saksofon leverte dei musikk med tilbakevendande tema og mange luftige sprang ut i det ville og uventa. Alle viste dei imponerande meistring av sine respektive instrument i lettbeint spel av også sjølvskrivne låtar. Dei roligare partia gynga og vogga på betagande vis eit publikum som trakk inn dei klokkeklare tonane i djupe andedrett.        

Del gjerne!