Briljant i Osasalen

naoko_sakata_foto-brynjar_vik-4

Naoko Sakata Trio gjennomførde ein særdeles vakker konsert i Osasalen laurdags føremiddag. Den briljante pianisten Naoko Sakata frå Japan har ein sjeldant god teknikk men fokuset er likevel på den gode melodien.

Trioen gjer oss vare uttrykk sjeldne tekniske parti og flytande nydelege melodiar tonesett spesielt frå Naoko Sakata sitt vakre pianospel. Med melodiane som utgangspunkt vågar trioen også å utforske ukjende energiske landskap og samspelet mellom dei flyt tett og godt. Etter trampeklapp gir Naoko Sakata Trio oss eit grensesprengjande ekstranummer og viser at dei beherskar det eksplosive så vel som det vare.

Del gjerne!